Dei tre nynorskteatra, Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater og Det Norske Teatret feirar Språkåret med ein samproduksjon.
Dei glitrande pennane, dei gode songane og den kvasse, ironiske replikken er blitt til ein leiken kabareten der vi får:
Nynorske perler på ei snor Poesi, rap, viser, dikt, folkesongar og ein del gammal skit blir pussa støv av og sett til å skine. Ein god dag kjem aldri for tidleg er framsyninga som samlar Ivar Aasen, Valkyrien Allstars, Stein Torleif Bjella, Bjørn Eidsvåg, Kjartan Fløgstad og Marie Takvam på same brettet og som med ein god dose humor kjeklar seg gjennom ei rik samling litterære perler. Det er ikkje heilt som julebordet til Dag og Tid, men det er neimen ikkje langt unna.
Fred. 6. sept. kl.19:30: Premiere på Logen Teater
Laurd. 7. sept. kl.18:00: Logen Teater
Tysd. 10. sept. kl.19.30: Logen Teater
Onsd. 11.sept. kl.19.30: Logen Teater
Torsd. 12. sept. kl.19.30: Logen Teater
Torsd. 26. sept. kl.19.30: Hordaland Teater, Stend
Ord. Pris kr 300,-
SPESIALPRIS: kr 250,-
Bestill billettar på billettservice.no , under BEDRIFT priskategori oppgje kode: IVAR
Evt. kjøp bill. Med denne koden i Grieghallens bill.kontor evt på DNS.
Konsept/regi: Ingrid Weme Nilsen
Dramaturgar: Ola E. Bø og Bodil Kvamme
I rollane:
Siren Jørgensen
Katrine L. Mackenzie
Randolf Walderhaug
Carl F. Falkenberg (piano/trekkspel)
Ole Marius Melhuus (bass/cello)
Rannveig Ryeng (fele)
Beste helsing Det Norske Teatret, Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater
Mvh
Velferdsutvalget