Hei,
Bioteknologirådet arrangerer et frokostforedrag i Bergen førstkommende tirsdag om de nye teknikkene (CRISPR/CAS9) for å endre gener i planter, dyr og mennesker. Vi vil gjerne invitere forskere og studenter knyttet til Insititutt for biologi. Håper dette ser interessant ut, og at informasjonen kan spres til de som kan være interesserte. Vi serverer gratis frokost fra 8.15. Det er begrenset antall plasser, så det viktig å benytte påmeldingskjema i lenken under. Ring undertegnede dersom dere har spørsmål.
Kort om arrangementet:
Gensaksa CRISPR klipper i DNA og er den siste av fleire nye metodar for å endre gen, såkalla genredigering. CRISPR blei omtalt som årets gjenombrot i 2015. Teknikken gjer det mogleg å endre gen i alle organismar og celletypar, og blir nytta til alt frå å studere utvikling av sjukdom til å produsere genmodifiserte organismar med spesielle eigenskapar. Teknikken har potensial til å endre medisinsk behandling og bioteknologisk industri. Til dømes freistar forskarar og legemiddelselskap no å utvikle nye kreftbehandlingar ved hjelp av CRISPR.
Men med slike moglegheiter følgjer nye, utfordrande etiske problemstillingar. Metoden gjer det mellom anna mogleg å redigere arvestoffet i kjønnsceller og embryo, endringar som kan gå i arv til alle etterfølgjande generasjonar. I tillegg gjer teknologien det potensielt mogleg å spreie genmodifiseringar i naturlege økosystem. Forskarar ønskjer mellom anna å nytte metoden på mygg for å stanse spreiing av malaria. Veit vi nok om konsekvensane til å tore dette?
Kva er eigentleg CRISPR? Kvifor alt oppstyret? Kva kan genredigering nyttast til no og i framtida? Korleis skal vi handtere moglegheitene og utfordringane metoden gir?
Heile omtalen og påmelding kan leses her:
http://www.bioteknologiradet.no/2016/03/frukostforedrag-i-bergen-genredigering-ei-tveegga-saks/
Lenke til arrangement på Facebook:
https://www.facebook.com/events/533288660175287/
Her en smakebit, hvor foredragsholder forklarer CRISPR på 1 minutt:
http://www.nrk.no/video/PS*254349
Mvh
Truls Petersen
Seniorrådgiver i Bioteknologirådet
Senior advicer, The Norwegian Biotechnology Advisory Board
24 15 60 25 – truls.petersen@bioteknologiradet.no – www.bioteknologiradet.no