Tid og stad:
Onsdag 5. februar kl.12.15 – 16.00
Onsdag 12. februar kl.12.15 – 16.00
Onsdag 19. februar kl.12.15 – 16.00
Totalt 12 timar.
Kurset vert halde i Museplass 1, C.G. Sundts hus, møterom A/B
Kurshaldarar: Universitetslektor Aasne Vikøy, LLE
Målgruppe:
Framandspråklege tilsette med gode kunnskapar i norsk. Deltakarane bør ha fullført trinn 3 i norsk som andrespråk eller ha tilsvarande kunnskapar.
Mål:
– å kjenne til viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk
– å lese og forstå nynorske tekstar
– å skrive og omsetje (frå bokmål) enkle tekstar på nynorsk
Innhald:
– bakgrunn for nynorsk – språkhistorie på fem minutt
– nynorskens status: statistikk og aktuell språkpolitikk
– mangfaldet i språket – dialektprøver
– kva er skilnaden frå bokmål – systematisera trekk
– minigrammatikk i nynorsk og nokre oppgåver knytt til dette
– omsetjingsoppgåver frå bokmål til nynorsk
Påmeldingslenke
|