Innmelding av bidrag til Fagleg-pedagogisk dag 2017

Hei!

Fredag 3. februar er det fagleg-pedagogisk dag på UiB, der lærarar frå Vestlandet blir inviterte til å fagleg påfyll. Dagen brukar å vere godt besøkt av realfagslærarar, og dei blir sjølvsagt glade for å høyre nytt frå «sitt» fag. Så det er flott om me har eit tilbod frå flest mogeleg av fagmiljøa.

Flott om bidraga blir registrert innan 25. November.

I år blir det eit felles arrangement i Aulaen siste del av dagen, foredraga frå forelesarane på MatNat blir på Dragefjellet i tidsrommet 9-13.

Bidrag blir registrert på
https://fp-dag.h.uib.no/registrer

Du loggar deg på med vanleg uib-brukarnamn og passord. Skal du registrere fleire forelesarar, må dei andre forelesarane ha logga seg på ein gong. Du registrerer tittel og ein kort omtale, og du kan seinare gå inn og endre informasjonen om ditt foredrag.

Ta gjerne kontakt med underteikna dersom du har spørsmål om registrering, eller om du vil diskutere målgruppe/innhald i bidraget frå ditt fag.

 

Med vennleg helsing

Olaug Vetti Kvam
Skolelaboratoriet i realfag
Universitetet i Bergen
www.uib.no/skolelab
Tlf. 55582227

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *