Hei,
HR-avdelinga inviterar til kurs i SurveyXact. SurveyXact er programmet UiB brukar for utføring av spørjeundersøkingar (t.d. medarbeidarundersøkingar, kursevaluering m.m.).
Kursa gjer ei innføring i korleis eit spørjeskjema opprettast i SurveyXact, korleis spørjeskjema kan distribuerast, og korleis resultata hentast ut og analyserast. I desse kursa vil det vere særskilt fokus på analysering av resultat.
Det er sett opp to kurs; den 06. oktober og den 28. november.
- Kurs 06. oktober: Klikk her for meir informasjon og påmelding
- Kurs 28. november: Klikk her for meir informasjon og påmelding
OBS: Alle UiB-tilsette har tilgang til SurveyXact igjennom Feide. Dersom du ynskjer å ta kurset, og ikkje har brukt SurveyXact før er ynskjeleg at du loggar deg på nokre dagar før kurset startar. Dette er for å aktivere din brukar, slik at det vert mogleg å gje deg tilgang til kursdatabasen. Logg inn via Feide HER.
Grete Birkenes
Førstekonsulent, HR-avdelinga
Universitet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 6. etg.
T: 55 58 29 96
M: +47 900 34 153